Viewing Room Main Site

Kunsten er ikkje til å bli klok på, men me vert kanskje klokare av den, meiner Per Kleiva.

Det klinkar stilt i porselen i baren på Bristol Hotel. Polstra lenestolar og mjuke golvteppe, kelnerar i svarte sløyfer og nystrokne skjorter. Per Kleiva lener seg litt framover for å få med seg spørsmålet: Kvifor vart du kunstnar?

Han treng ikkje tenkja seg om så lengje.

- Det var berre ein draum eg hadde, som eg ikkje hadde trudd skulle gå i oppfylling, seier han.

Via omvegar

Måndag fyller Per Kleiva, ein av landets mest markante og produktive kunstnarar gjennom fleire tiår, 80 år. Men mannen som henta popkunstens lysande klåre formspråk til Noreg, som på 1970-talet stod som frontfigur for den politisk engasjerte kunstscena, som har møtt internasjonal godkjenning - han trudde altså ikkje eigentleg at han kunne verta kunstnar.

- Nei, eg gjorde ikkje det. Men av ein eller anna grunn snirkla eg meg i den retninga likevel - kanskje utan å vilja det, seier han.

Vegen til kunstkarrieren gjekk via å måla hus, arbeid som vindaugsdekoratør - og å gå på så mange kveldskurs og målarkurs som mogleg. Etter endå nokre omvegar kom Kleiva til slutt inn på Kunstakademiet i Oslo i 1955 - til trass for at han berre hadde sendt inn eitt, og ikkje dei forventa fem, måleria med opptaksprøven.

Den kunstnariske oppvakninga let likevel venta litt på seg.

- Eg ante ikkje kva eg ville gjera. Ein student var ein student, me skulle forsøka å tileigna oss det lærarane forsøkte å dytta i oss. På den tida var ikkje studentar og yngre så veldig godt orienterte i kunstverda.

Tru på endring

På 1960- og 70-talet byrja konturane av den kunstnaren mange har vorte kjend med sidan å tre fram: I 1965 møtte han popkunstnarar som Andy Warhol, Jim Dine og Roy Lichtenstein på ein utstilling i Danmark, noko som sette djupe spor i Kleivas eige formspråk. Og så, eit par år seinare, sette det politiske medvettet inn for alvor.

- Det var vel 1968, det som skjedde rundt omkring i verda då, som sette hjula i gang. Og at fjernsynet kom, med sine bilete. Eg var i Paris i 1967, og då byrja det å ulma.

Smått om senn beit det politiske aspektet seg fast også i Kleivas bilete. Kring 1970 var kunstnarkollektivet Gras forma, med Victor Lind, Anders Kjær og Morten Krohg. Protestar mot Vietnam-krigen, EEC og det som verre var skulle ut til folket. Det var heile samfunnet som skulle endrast, fortel Kleiva. Ikkje noko mindre.

- No nyleg las eg ein artikkel om alle forsøka opp gjennom tidene på å finna eit anna system enn marknadsøkonomi og kapitalisme, og korleis dei eigentleg har slått feil. Så kanskje er demokrati og marknadsøkonomi det beste me greier å frambringa, seier han, før han legg:

- Men eg er jo ikkje einig. Eg har framleis trua på at det finst andre måtar å organisera seg på, enn etter profitt.

- Trur du verda var meir oversiktleg før, og at det såleis var enklare å engasjera seg?

- Me visste mykje mindre. Det var sikkert heilt like eins som i dag, berre at me ikkje visste alt. Kunnskapen om verda er nok større i dag. Me ser det tragiske over heile verda mykje lettare - det kjem inn kvar dag.

Ikonisk

Frå Gras-perioden kjem nokre av dei sterkaste ikona i den norske kunsthistoria, med silketrykka «Tre blad frå imperialismens dagbok» og «Amerikanske sommarfugler» som dei kan hende mest gjenkjende. Men det som i dag er samlarobjekt, var utforma med ein demokratisk baktanke: Klårt og tydeleg i formspråket og enkel å reprodusera. Grafikken vart Gras-gruppas fremste våpen for å spreia både kunst og standpunkt.

- Å tenkja på «folkets kunst» … Det var ikkje alltid stort anna enn romantiske draumar. Folket ville ikkje ha det, seier Kleiva i dag.

- Kunsten hamnar stort sett hjå eliten, sjølv om me forsøkte å vera veldig billige. Det skulle ikkje kosta meir for eit trykk enn for ei LP-plate. Men responsen var ikkje så kjempestor.

- Gras var ikkje aktive så lenge, men det er ei gruppe som har fått mykje merksemd?

- Ja, det er nesten litt pussig. Det var vel dette vetle brotet med tradisjonen. Men eg har prøvd å følgja opp noko av det eg dreiv med då seinare, om ikkje på same måte.

- Så du har ikkje kjend at denne sida ved kunstnarskapen din har overskugga andre sider?

- Jau, av og til er eg lut lei av å høyra om Gras. Som om eg ikkje har gjort noko etterpå.

Breidde

Ingen kan heller skulda Per Kleiva for å ha repetert seg sjølv. Kunstnarskapen er prega av enorm breidde i både uttrykksform og tonalitet, der det kontrastrike og glossy formspråket frå somme verk like lite liknar på lavvoen i bjørk og piggtråd Kleiva stilte ut på Sao Paolo-biennalen i 1981, som på elementa av vestlandsk natur han har teke fram i nyare arbeid.

- Eg kan skifta form ettersom kva tema eg vil ta opp, seier han sjølv.

- Det har aldri vore viktig for meg å ha ein signatur. Det er temaet som forlanger si form, og då må eg berre følgja etter. Om eg ikkje finn den forma, vert det berre tull.

Kleiva jobbar ikkje like mykje no som før - han har ikkje vore i «toppform». Men å følgja med på kva som rører seg i den yngre kunstscena, det forsøkjer han framleis å gjera.

- Det som er litt spanande å sjå i dag, er at kunsten tek tak i veldig mykje av det som er aktuelt i tida. Eg tenkjer ikkje på nokon spesielle, men reint generelt er det ein tendens til at mange er opptekne av samtida og forsøkjer å bruka det.

Det er noko som gleder Per Kleiva. Han lener seg over bordet ein siste gong.

- Eg bruker å seie at kunst ikkje er så lett å bli klok på i dag.